I mangel av tilgong på klatrepartnere har eg sett meg nødt til å benytte meg av landsbytavlene for å kome i kontakt med folk som er villege til å sette kamkiler med ein norsk naturvernfundamentalist.
Dei fleste som svarar er såklart utlendingar sjølve-- det er ikkje alltid like lett å kome innpå lokalbefolkninga, og spesielt ikkje når buldring og sportklatring er det folk driv med her.
Like fullt så er det enormt med stein her, om man er villig til å sette seg i bilen ein time eller to og slange seg forbi tyske bubilturistar og sveitsiske porcher. Alpegranitt av høgste kvalitet faktisk, med nok riss, dieder og kaminer til å holde det gåande ei ein mannsalder.
Val Bavona er ein av desse dalane som eg og min nyerverva klatrepartner Michael frå Tjekkia bestemte oss for å blø litt i. Michael viser seg å være bunnsolid, ja sånn sett vekk frå at han har ein noko redusert høgrefot etter ei buldreulykke som førte til avriving av nervetråden som går ned i beina. Dette høyrest jævlig nok ut til at eg helst ikkje vil tenke meir på det. Uansett så støter Michael på, med ein forkjærlighet for riss, sidan svaklatring ikkje er direkte stas når man ikkje heilt veit om foten står på ein jugg eller eit sandkorn.
Uansett, her er dalen sett sørover mot Italia-- ikkje at du kan sjå Italia, men sånn ser det ut i full blomst. Eg mistenker det er artigare å klatre her litt seinare på året når det er litt mindre generelt liv, for anmarsjane er litt bushwacking-prega.
Dalen er ikkje så godt dokumentert i den lokale føraren til Ticino, men desto betre her: https://www.picalciot.ch/vie-lunghe, alt på italiensk såklart. Eg snakkar såklart tilnærma ingen italiensk, så det er jo alltids spennande å åpne desse førerane, men som regel så går det greit. Man gjenkjenner ord som "C4", "C3", også forstår man som regel sånn ca. kvar ruta går. Dessutan er google translate blitt ganske bra :-)
For å komme seg hit så knaster man lettast inn GPS-koordinatane som man finner i føraren-- men merk at dei er i eit litt odde Sveitsisk koordinatformat-- det finst oversettere på internettet. Generelt så ynskje du å kome deg til Bellizona, så til Locarno og frå Locarno følger du skiltinga mot Val Maggia, som også inneheld Val Bavona. Ikkje spør meg, dei har eit sært forhold til daler i dette landet, ikkje ulikt gamle Noreg, faktisk, der man gjerne finn opptil 3 navn på samme dal, avhengig av kor langt inn i dalen man tør bevege seg. I så måte er jo dette direkte heimekoseleg, sett vekk frå at dalane i Noreg er mykje gneiss, og dalane her er mykje granitt. Men no sporer eg av...
Vi gikk ruta "Las Empanadas Yogurt"-- ei temmeleg snill rute med nok sikringer å ta av, og i god søreuropeisk stil så er ankera bolta og skulle du være så uheldig å møte på litt svaklatring, ja så smeller dei liksågodt inn ein bolt her og. For oss antibolt-elitister så er denne stilen litt vanskeleg å bli ven med, men det er definitivt ganske "plaisir"-- eit begrep dei bruker her nede for å indikere at man ikkje treng å bekymre seg så voldsomt for å måtte tørke seg i ræva etter å ha leda ein taulengde.
Generelt rack: vi hadde med 2xC4 frå 0.5 til 4, 1 sett aliens (+svart) og 1 sett X4. Eg putta eine C4-settet i sekken etterkvart, same med X4-ane. Vi klatra med 1 tau + tag-line og ein liten haulbag + microtraxion. Eg blir aldri heilt ven med å låre bagger, det koster egentlig mykje energi og eg foretrekker på mange måtar å følge med ein litt større, felles sekk... og 2x tau er utrulig mykje meir behagelig å klatre med når ruta vandrer litt hist og pist. Jaja.
Dessverre blei det magert med bilete frå denne turen, men her er taulengdene...
L1: 6a+ Kakeklatring på store blokker. Muligens 5c. Michael leda clean.
L2: 6b Meget interessant jamming i eit åpnande travers-riss ("flaring") under og rundt eit tak. Ganske krydra. Eg leda utan fall.
L3: 6b+ Funky vertikalklatring i hyllete formasjoner med noken store huler i blandt. Det finst ein hemmelighet på denne taulengda, men det er ikkje ein ekte drage. Eg leda uten fall.
L4: 6c (6b A0): Usikker på kvar dei meinte aid-partiet skulle være her. Starter med eit bolta, hardt dieder-flytt. Av ukjente grunnar holdt eg i slynga eg satte i 2. bolt. Litt pussig, for klatringa etter bolten går over i fin-fin svadansing pepra med gode sikringsremedier, så det var eigentleg veldig unødvendig. Jaja, føkk it, gidder ikkje senke og klatra på nytt iallefall. Om nokon treng ein #2 C4 så ligger det ein på botnen av ruta ein kvarstrad, forøvrig...
L5: 6b Endå litt meir hulahula-svadansing. Kort og grei. Eg leda uten fall.
L6: 3+ Stor hylle. Fin å ete lunch på. Følgte barbeint.
L7: 6a+ Overraskande fin klatring på pockets. Eg leda clean.
L8: 6c+ Taulengda vi klatra ruta for. Siden Michael ikkje hadde leda så mykje hittil, OG dette var den kulaste lengda så egla eg Michael opp til å lede denne. Det gikk ikkje heilt clean, men etter litt kjemping og delvis aiding så kjem man jo opp!
For eit riss!
Eg klarte å følge uten å falle, og hadde egentlig god margin. Graderinga er bingo. Norsk 7- i cruxet eller så, sirkus. Eg trur ikkje det står til 7er i Lofoten alla Storpillaren. Det er litt typisk for Ticino at dei sandbagger sva og overvurderer rissklatring litt-- det handlar nok litt om tradisjonar, men med minimalt av jamming så kjem man ganske langt. Det skal seiast at dette risset var litt offwidth, men ikkje så offwidth at man ikkje fikk slengt inn tå-hæl-cam, og då henger man jo rimelig greit generelt, så får man heller tolerere at sprekken sjølv var full av guffen, skarp kvarts, jord og grus. Lett nok å sikre dog. Kanskje man synst livet er fint med ein #4 her, men ... eh, det går greit å sikre før og etter den største åpninga i sprekken med #3.
Uansett så enda ferda her, for klokka var 17:00 og vi hadde brukt nok tid. Det er ein fin walk-off her, så det passa greit. Vel nede åt vi pizza i ein landsby rett ved inngongen til dalen, og køyrte kvar til vårt.

